Vaksenopplæringsprisen Møre of Romsdal 2023 vart delt ut torsdag 16.november 2023, under konferansen Kompetanse for mestring og trivsel.
I kriterene for prisen står det at «Mottakaren skal gjennom sitt engasjement for læringsaktiviteter ha medverka til å gje menneske i vaksen alder læringsframgang gjennom deltaking, oppleving, refleksjon og bruk av eigne erfaringar i læringsmiljøet.»
Juryen meiner at Filosofisk samtalegruppe for eldre i Kristiansund fullt ut oppfyller kriteriene for prisen. Gruppa blei starta i 2010 som eit prosjekt i regi av Human-Etisk Forbund. Dei første åra holdt gruppa sine møter på Barmanhaugen, men frå 2019 har Frivilligsentralen vore den faste møteplassen. Sidan starten har gruppa avvikla meir enn 150 møter for medlemmane, som har ein gjennomsnitttsalder på om lag 80 år.
Formålet med samtalegruppa er å utforske sentrale menneskelege spørsmål og verdiar. Alle deltakarar kan komme med framlegg til tema som skal analyserast. Det kan vere temaer av generell menneskeleg verdi eller spørsmål knytt til aktuelle hendingar og utviklinga i samfunnet.
Berit Jørgenvåg tok imot prisen på vegne av gruppa.
Juryleiar Øyvind Tvedten og Berit Jørgenvåg, på vegne av Filosofisk samtalegruppe for eldre